Tertnes videregående skole feirer 50års-jubileum i 2014!
Tilbygg opna ved Tertnes videregående skole
– Det er ei stor ære for meg å få vere med på å opne tilbygget. Dette er eit skikkeleg hamskifte. Det er gledeleg å sjå resultatet og eg vonar alle får gode arbeidstilhøve, sa fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg då ho opna tilbygget ved Tertnes videregående skole
Glade for tilbygget ved Tertnes videregående skole: Rektor Grete Berg Kirkeeide og fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg. (alle foto: Bjarte Brask Eriksen)
Skifta namn
Åsane gymnas har fått eit tilbygg på 2100 kvadratmeter til 59 millionar kroner og har skifta namn til Tertnes videregående skole.
Opplæringsdirektør Svein-Erik Fjeld sa at nybygget signaliserer at fylkeskommunen tar eit nytt krafttak i utbygging av dei vidaregåande skulane.
– Ein elev sa at dette var ein designskule. Det finst ikkje fasit for kva som er ein god skule, men det er ein klar samanheng mellom korleis bygningen er og korleis læringa føregår. Vi skal ha ein så god skule som mogeleg for å leggje til rettes for læring. De tilhøyrer ein skule som er ein av dei flottaste og best utstyrte skulane i fylket. Mange elevar vil misunne dykk, sa Fjeld.
Imponerande
Rektor Grete Berg Kirkeeide var svært nøgd.
– Det er med stor glede eg tar imot ansvaret for denne skulen. Byggjeprosessen har vore imponerande. Eg vil takke alle aktørane. Vi har fått eit flott bygg. Dei fysiske tilhøva er no på topp, sa rektor.
Påtrengande
Eigedomssjef Helge Haavardtun sa at ønsket om større plass har vore påtrengande. Arealet aukar frå 3400 til 5500 kvadratmeter.
– Skulen har fått fleire elevplassar, betre tilhøve for dei tilsette og felles møteplass for alle på tvers av faga, sa eigedomssjefen.
Felles servicefunksjonar
I nybygget er det auditorium for 120 personar, resepsjon, kontor og arbeidsrom for dei tilsette, kontor for elevrådet, åtte klasserom, spesialrom til keramikkverkstad etc., bibliotek, kantine, kjøkken og ei storstove som samlar alle felles servicefunksjonar.
Auka elevtal
Elevtalet aukar frå 320 til 570 over dei neste tre åra i takt med at skulen tek i bruk nye fag. Ryggraden ved Tertnes videregående skole er fire parallelle klassar på studiespesialisering. I fjor kom toppidrettslinje og no kjem i tillegg formgjevingsfag, design og handverk, og service og samferdsel med fordjuping i reiseliv.
Fenrik Lane
På opningsfesten 31. august deltok elevar, tilsette og inviterte gjester. Espen Selvik underholdt med diverse blåseinstrument, og popgruppa Fenrik Lane spela.
I storstova i nybygget deltok elevar, tilsette og gjester under opningsseremonien.
Den utvida skulen har plass til 570 elevar.
Nybygget er på 2100 kvadratmeter.
Bjarte Brask Eriksen
I'm a paragraph. Click here to add your own text and edit me. It’s easy. Just click “Edit Text” or double click me and you can start adding your own content and make changes to the font. Feel free to drag and drop me anywhere you like on your page. I’m a great place for you to tell a story and let your users know a little more about you.
This is a great space to write long text about your company and your services. You can use this space to go into a little more detail about your company. Talk about your team and what services you provide. Tell your visitors the story of how you came up with the idea for your business and what makes you different from your competitors. Make your company stand out and show your visitors who you are.
At Wix we’re passionate about making templates that allow you to build fabulous websites and it’s all thanks to the support and feedback from users like you! Keep up to date with New Releases and what’s Coming Soon in Wixellaneous in Support. Feel free to tell us what you think and give us feedback in the Wix Forum. If you’d like to benefit from a professional designer’s touch, head to the Wix Arena and connect with one of our Wix Pro designers. Or if you need more help you can simply type your questions into the Support Forum and get instant answers. To keep up to date with everything Wix, including tips and things we think are cool, just head to the Wix Blog!