top of page

 

Storstove med amfi og lyssetjing frå kvite flygande måsar i taket, kreativitetsrom der elevane skal klekke ut gode idear og eigen Romeo og Julie-balkong, reservert for dei tilsette, blir nye fasilitetar når Åsane gymnas tek i bruk nybygg ved skulestart. Når Åsane gymnas opnar etter ferien i august 2007, blir namnet endra til Tertnes videregående skole.Rektor Grete Berg Kirkeeide er godt nøgd med utbygginga av Åsane gymnas. Nybygget er på 2100 kvadratmeter over tre etasjar. Romeo og Julie-balkongen kan skimtast oppe til venstre i det mørke feltet. I bakgrunnen til høgre er gamleskulen.

Rektor Grete Berg Kirkeeide er godt nøgd med utbygginga av Åsane gymnas. Nybygget er på 2100 kvadratmeter over tre etasjar. Romeo og Julie-balkongen kan skimtast oppe til venstre i det mørke feltet. I bakgrunnen til høgre er gamleskulen. (foto: Bjarte Brask Eriksen)

 

Kreamikkverkstad
Det er ein stolt rektor Grete Berg Kirkeeide som viser Hordalandsnytt rundt i nybygget som også får plass til auditorium for 120 personar, kontor og arbeidsrom for dei tilsette, kontor for elevrådet, åtte klasserom, spesialrom til keramikkverkstad etc., bibliotek, kantine og kjøkken.

 

59 millionar kroner
Nybygget er på 2100 kvadratmeter fordelt over tre etasjar. I tillegg er 1000 kvadratmeter i den gamle bygningen renovert. Total prislapp er 59 millionar kroner.
– Vi har venta på nybygg i 10 år, men når vi først fekk klarsignal frå fylkestinget, har det gått fort. Eg hadde ikkje trudd at vi skulle klare dette til skulestart, seier rektor.

 

Får 550 elevar
I dag har den 35 år gamle skulen 320 elevar og 35 lærarar. Dette aukar til 550 elevar over dei neste tre åra i takt med at skulen utvidar med nye fag. Talet lærarar vil vekse med fire det første året. Allmennfag, som no blir kalla studiespesialiserande fag, har i alle år vore ryggraden ved Åsane gymnas med fire parallelle klassar på kvart trinn. I fjor kom toppidrettslinje og no kjem i tillegg formgjevingsfag, design og handverk og service og samferdsel med fordjuping i reiseliv.
– Vi er glade for at vi får fleire bein å stå på. Det er ikkje noko gale med allmennfag, men det er sundt for miljøet at vi får nye fag og større breidde. No er vi utbygd til å ta veksten i elevtalet som kjem i åra framover.

 

God planløysing
At utbygginga vart slik den er, kom litt overraskande på rektor for ho hadde andre tankar om nybygget.
– I starten tenkte vi oss eit nybygg for nye fag og nye studieretningar i skogen sør-aust for skulen der fylkeskommunen eig ei stor tomt, men så kom ein planleggjar og heller ville bruke det ubrukte grøntområdet nord-vest mot Tertnesvegen. Planleggjaren såg også at vi hadde ei stor kantine i kjellaren som nesten ikkje vart brukt. Vi er svært nøgde med planløysinga vi har fått. Den store kantina i kjellaren er no blitt til undervisingsrom og auditorium, mens kantina i staden er flytta opp til kjerneområdet vårt i 1. etasje i nybygget og blir sentrum for elevane. Tanken er at vi skal vere éin skule, ikkje det gamle Åsane gymnas, pluss nokre klattar her og der, understrekar rektor.

 

I rute
Byggjeansvarleg, overingeniør Svein H. Kjellevold hos eigedomsseksjonen i Hordaland fylkeskommune, opplyser at bygginga er i rute og at skulen skal stå ferdig til skulestart 20. august. Offisiell opning blir fredag 31. august.
– Vi følgjer framdriftsplanen og greier å halde budsjettet på 59 millionar kroner, opplyser Kjellevold.
Når Åsane gymnas opnar etter ferien i august blir namnet endra til Tertnes videregående skole.

Kjelde: http://www.hordaland.no/Aktuelt/Arkiv-nyhende/2007/Juli/Asane-gymnas-tek-i-bruk-nybygg-med-eigen-Romeo-og-Julie-balkong/ 

Åsane gymnas tek i bruk nybygg med eigen Romeo og Julie-balkong

 

Tertnes videregående skole

  • facebook-square
  • Twitter Square
  • google-plus-square
bottom of page